Kan du knekke koden?
Jobb som webutviklar og få eit år fullspekka med opplevingar!
Vår visjon er å gjere det lettare for alle å publisere data på web, og det vert travelt når kundar frå heile verda bankar på døra. Me ser no etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering og med eigne hobbyprosjekt, som kan hjelpe oss å løfte våre produkt til eit nytt nivå. Du er ein lagspelar som trivast i eit internasjonalt og innovativt miljø, der du kan få leike med ny teknologi og ulike rammeverk.
Som trainee i Framtidsfylket får du ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til fast jobb i eitt år, er du del av eit sosialt nettverk av trainear 💚
Kva du skal gjere
- Bidra til å få fram prosjekt frå spesifikasjon til lansering
- Vere med å vedlikehalde våre ulike produkt og tenester
- Bidra til å betre våre produkt basert på tilbakemeldingar frå kundar
- Jobbe med programmeringsspråk og rammeverk som t.d. javascript, typescript, og node.js
Vi kan tilby
- Konkurransedyktig lønn
- Arbeidstid med fleksitid
- Moglegheiter til å delta på kurs og konferansar
- Avslappa arbeidsmiljø i moderne kontorlokale
- Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med
- Kort veg til fjord og fjell
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur med fagleg og sosialt program
- Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
- Vestlandet 💚
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Søknadsfrist: 15. mars 2023.
Arbeidsstad er primært Vik i Sogn, med moglegheit for å besøkje kontora i Bergen og Oslo. Ta gjerne kontakt på chatten for meir informasjon om stillinga.
- Department
- Tech
- Role
- Web Developer
- Locations
- Vik
- Remote status
- Hybrid Remote

Vik
Kan du knekke koden?
Jobb som webutviklar og få eit år fullspekka med opplevingar!
Loading application form
Already working at Highsoft ?
Let’s recruit together and find your next colleague.