Highsoft søkjer tech lead
Bli Tech Lead hos Highsoft og arbeid med verdsleiande diagramløysinger! Nyt fleksibilitet, fokus på utvikling og ein sterk, humorfylt arbeidskultur i eit av landets travlaste tech-hubbar.
Er du ein erfaren fullstack-utviklar som brenn for teknologi og trivst med å rettleie andre? Vil du ta ein nøkkelrolle i å bygge bruer mellom det tekniske og produktstyring, samstundes som du framleis dykkar ned i koden?
Då vil vi høyre frå deg! 🚀
Kva inneber rolla?
Som tech lead hjå oss blir du ansvarleg for den tekniske retninga til eitt av våre produktområde. Du skal leie utviklarane i arkitektur- og tekniske designavgjerder. Du er trygg på arkitektur, og er ein teamleiar og kodeentusiast i éin og same pakke. Du:
Leier teamet i viktige tekniske avgjerder og sørgjer for at vi held oss på rett kurs.
Rettleier og samarbeider med utviklarane for å skape ein solid kultur og styrke fagmiljøet.
Samarbeider tett med product manager for å sikre at produktutviklinga treff både brukarane sine behov og våre forretningsmål.
Deltar aktivt i koding – ja, her får du framleis vere hands-on!
Du vil og få høve til å møte kundane våre, forstå deira behov og sørgje for at vi leverer løysingar som verkeleg betyr noko.
Kva ser vi etter?
Du har høg teknisk kompetanse og naturleg leiarevne. Vi ser spesielt etter:
Solid erfaring som utviklar, helst i seniorroller.
Høg kompetanse innan JavaScript (ES6+), TypeScript, HTML5, og avansert CSS.
Evna til å sjå både tekniske og forretningsmessige samanheng.
Engasjement for å bygge ein samarbeidskultur der teamet trivst og leverer sitt beste.
Kva er eit pluss?
Bachelorgrad i informatikk eller liknande.
Erfaring med leiing av tekniske team.
Tekniske sertifiseringar.
Forståing for produktstyring og det kommersielle aspektet ved utvikling.
Kva tilbyr vi?
Hjå Highsoft arbeider du i eit miljø prega av samarbeid og korte beslutningsvegar, omkransa av dyktige kollegaer som brenn for faget sitt. Vi har hovudkontor i vakre Vik i Sogn, med kontor òg i Media City Bergen og samarbeidspartnarar globalt. Denne stillinga er tiltenkt Bergen. Her får du:
Moglegheit til å arbeide med ein av verdas mest brukte diagramløysingar, Highcharts.
Fokus på personleg utvikling gjennom kurs, mentorar og vidareutdanning.
Ein arbeidskultur som verdset mangfald, humor, og god balanse mellom jobb og fritid.
Har me fanga merksemda di? Søk då vel!
Send oss din CV og ein kort søknad, der du fortel kvifor du er vår neste tech lead. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsfrist: 12. januar.
Kontakt: Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med vår CTO på jorgen.tistel@highsoft.com eller +47 971 32 057.
Bli med og set retning for framtida innan datavisualisering 📊 🚀
Highsoft søkjer tech lead
Bli Tech Lead hos Highsoft og arbeid med verdsleiande diagramløysinger! Nyt fleksibilitet, fokus på utvikling og ein sterk, humorfylt arbeidskultur i eit av landets travlaste tech-hubbar.
Loading application form
Already working at Highsoft ?
Let’s recruit together and find your next colleague.