Platform Engineer – Bygg vår neste generasjons plattform!
Hjå Highsoft får du friheit, kule verktøy og ein gjeng techentusiastar med glimt i auga som kollegaer.
Lengtar du etter å byggje noko nytt – frå botnen av – og faktisk ha påverknadskraft?
Lengtar du etter å bygge noko nytt – frå grunnen av – og faktisk ha påverknadskraft? Kanskje har du nokre års erfaring med infrastruktur og vil ta eit steg vidare, lære meir og få jobbe med folk som verkeleg kan faget? Då har vi ein plass til deg!
Kva går jobben ut på?
Hos Highsoft får du moglegheita til å forme, bygge og optimalisere plattformer med dei nyaste skybaserte teknologiane. Vi er eit selskap med lidenskap for datavisualisering og tilgjenge (A11Y) – og med Highcharts har vi allereie sett vårt preg på verda. No satsar vi for fullt på ein framtidsretta infrastruktur, og vi treng ein Platform Engineer som kan vere med å bygge ein stabil, fleksibel og moderne plattform – og samstundes utvikle seg sjølv.
Du treng ikkje kunne alt – vi tilbyr opplæring, kurs og tett samarbeid med seniorutviklarar. Det viktigaste er at du har noko relevant erfaring anten frå jobb eller studiar, trivst med infrastruktur og har lyst til å bli skikkeleg god.
Kanskje har du vore med å halde hjula i gang på ein eksisterande plattform, eller fått kjenne på avgrensingane i system andre har bygd? Her får du moglegheita til å vere med frå starten – bygge noko nytt, forme løysingane og ta tekniske val som faktisk betyr noko. (Jada, vi veit vi bygger morgondagens tekniske gjeld – men det tek vi stilling til seinare.)
Kva går jobben ut på?
💻 Techstack: Docker, Kubernetes, Terraform, AWS, Cloudflare, ArgoCD, Grafana, Prometheus, Envoy, Kyverno (du treng ikkje kunne alt – vi lærer deg det du ikkje har rukke å teste enno!)
- Drifte og vidareutvikle ein plattform som skalerer etter behova til utviklingsteamet vårt 🚀
- Automatisere alt frå oppsett av infrastruktur til utrulling, overvaking og varsling 🤖
- Sørgje for stabilitet, oppetid og kvalitet i leveranse – fordi ingen likar nedetid! 🔍
- Overvake og optimalisere AWS og Cloudflare for å sikre at produkta våre køyrer smooth 🌍
- Samarbeide tett med utviklarar og eksterne leverandørar for å sikre ei robust, trygg og fleksibel plattform 🤝
- Alltid ha sikkerheit i bakhovudet – beskytte systema våre mot truslar og sørgje for at data og tenester er trygge 🔒
- Vere med å forme arkitekturen for plattforma vår – vi gir deg tillit og spelar deg god 🔧
Kven er du?
Du har kanskje jobba nokre år med plattform, DevOps eller infrastruktur – eller du er i starten av karrieren og har fått smaken på det. Kanskje har du vore borti Docker, Kubernetes, Terraform eller AWS, og vil lære meir. Uansett, til denne stillinga tilbyr vi ei opplæringspakke, som gjer at du vil få ein flygande start uansett kvar du er i teknologiverda.
Det viktigaste for oss er at du er nysgjerrig, bygger system som funkar, og likar å lære saman med andre.
Vi ser for oss at du:
Har noko erfaring med containarar, sky eller infrastruktur som kode
Er oppteken av stabile, effektive og ryddige løysingar
Likar å halde deg oppdatert og utforske ny teknologi
Er ein god lagspelar som tek ansvar og deler kunnskap
Du likar å effektivisere og forenkle tidstjuvar
Kva får du hjå oss?
I Highsoft jobbar du i eit miljø prega av samarbeid og raske avgjerder, omgitt av dyktige kollegaer som brenn for faget sitt. Vi sørgjer for at du får vekse – både i rolla og som fagperson – med støtte frå teamet og rom for utvikling. Her får du ein unik kombinasjon av global innverknad og lokal sjarm.
🧠 Opplæring og utvikling – du får ein erfaren mentor og tilgang til kurs
🏔 Eit trygt, godt og sosialt arbeidsmiljø
🏡 Hybrid- og fleksibel arbeidskvardag – vi trur på fridom under ansvar
🎯 Ein arbeidsplass med ein uformell tone – dartkampar og fjellturar inkludert
🚀 Kort veg frå idé til handling – her er det låg terskel for å teste og feile
Høyrest dette ut som ein plass for deg?
Vi håpar du vil jobbe frå kontoret vårt i vakre Vik i Sogn eller i Sogndal. For den rette kandidaten kan tech huben på Media City i Bergen vurderast.
Send oss ein søknad, eller ta gjerne kontakt med Jørgen Tistel på tlf. 971 32 057 for ein uformell prat om du vil høyre meir om stillinga – vi likar folk som tek initiativ!
Vi vurderer søkjarar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden din. Absolutt siste frist er 10. august.
Er du klar for å ta styringa, lære meir og bygge noko skikkeleg bra? Då er dette di moglegheit! 🚀

Colleagues
Already working at Highsoft ?
Let’s recruit together and find your next colleague.