Økonomikonsulent – med grønt hjarte 💚
Gjer inntekter enklare, rutinar smartare og rapportar grønare.
Er du ein nøyaktig og løysingsorientert person med gode organisatoriske evner? Har du eit godt auge for detaljar og trivst med varierte arbeidsoppgåver? Då kan dette vere stillinga for deg – bli vår nye økonomikonsulent.
Hos Highsoft treng vi ein økonomikonsulent som både kan halde styr på fakturaer og rapportar, og samstundes bidra til at kvardagen flyt betre for kollegaer og leiarar. Du blir ein nøkkelperson i å sikre inntekter, struktur og grøn vekst, i eit selskap som kombinerer internasjonal suksess med kaffipausar i Stova og spektakulær utsikt over Sognefjorden.
I denne rolla får du ein sentral plass i maskineriet vårt: Du vil støtte salsteamet og organisasjonen elles med administrative oppgåver, og ha hovudansvar for berekraftsrapportering og oppfølging av vår miljøprofil. Ein god kombinasjon av tal, struktur og samfunnsansvar.
Kva går jobben ut på?
Du får ein variert kvardag der «ingen dag er heilt lik» faktisk stemmer. Dine oppgåver blir mellom anna å:
Fakturere og holde kontroll mot kundar, til oppfølging av vendor portals, kansellering av ordre, bokføring av betalingar og purring. Ein viktig del av jobben som sørgjer for at inntektene våre kjem på plass
Hjelpe til med månads- og årsavslutning, skatteskjema og alt det som gjer revisoren fornøgd
Vere sjefen for Miljøfyrtårn, UN Global Compact og rapportering etter Åpenheitslova – grøn profil på ekte, altså
Ta tak i små og store administrative oppgåver og rutinar – frå innkjøp av kontorrekvisita til å sørgje for goodies til nytilsette – og bidra til at vi alltid blir litt betre enn i går.
Kven er du?
Har gjerne utdanning eller bakgrunn innan økonomi/administrasjon (bonus om du har snust på eller har erfaring frå berekraft òg)
Trivst med tal, men veit òg at mange oppgåver løysest best ved å prate med folk
Har ein strukturert tilnærming, men toler at det plutseleg dukkar opp ein «kan du berre hjelpe litt med dette?»
Kommuniserer godt både på norsk og engelsk
Er nysgjerrig og engasjert – og ser verdien av å gjere kvardagen litt lettare for andre
Kva får du hjå oss?
Du vil jobbe frå hovudkontoret vårt i vakre Vik i Sogn – omgitt av fjordar, fjell og kreative kollegaer. Me har fokus på både trivsel og kvalitet, og tar dei gode diskusjonane over eit parti dart, ein rusletur i bygda eller ein kopp kaffi i Stova. Her har vi ein flat struktur, høg takhøgd og lågt stressnivå.
Vi er lidenskaplege, litt nerdete (på den gode måten), og stolte av vår internasjonale kundeliste og miljøsatsing. Me deltar i FN Global Compact og er Miljøfyrtårn-sertifiserte, og jobbar aktivt for ei grønare framtid.
Du blir òg ein del av eit lite, men superhyggjeleg team (hei frå Monika og Anne Jorunn 👋) som gler seg til å få deg med på laget.
Og sjølvsagt får du alt dette på kjøpet:
🏔 Eit trygt, godt og sosialt arbeidsmiljø
🏡 Hybrid- og fleksibel arbeidskvardag – vi trur på friheit under ansvar
🎯 Ein arbeidsplass med ein uformell tone – dartkampar og fjellturar inkludert
🚀 Kort veg frå idé til handling – her er det låg terskel for å teste og feile
📚 Moglegheit for kurs, workshops og vidareutdanning – vi vil at du skal utvikle deg saman med oss
Høyrest dette ut som ein plass for deg?
Send søknad og CV innan 28. september.
Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med Anne Jorunn Fjærestad, CFO, på 95 19 19 38 eller anne.jorunn@highsoft.com.
- Department
- People & Finance
- Role
- Business Consultant
- Locations
- Vik, Sogndal
- Remote status
- Hybrid
- Employment type
- Full-time
- Employment level
- Administrative

Already working at Highsoft ?
Let’s recruit together and find your next colleague.