Sommarjobb som utviklar hjå Highsoft
Test ekte løysingar med moderne teknologi, få tett oppfølging og bli del av eit sosialt og fagleg sterkt miljø - midt mellom fjord og fjell 🚀
Har du lyst på ein sommarjobb der du får prøve deg på ekte utviklingsoppgåver – og lære masse undervegs? Vi står bak Highcharts – eit av verdas mest brukte bibliotek for interaktive diagram og grafar på nett. Løysingane våre blir brukt av 80 av dei 100 største selskapa i verda, og handterer alt frå finansdata til klimavisualiseringar. Med andre ord: Koden du er med på å jobbe med, kan faktisk bli brukt av millionar av brukarar globalt.
Hjå Highsoft får du jobbe med web eller produkt i praksis, i eit miljø med låg terskel, høg trivsel og fjord og fjell rett utanfor døra. Perfekt kombinasjon av kode og sommar 🌞
Kva går jobben ut på?
Bidra til utvikling og vedlikehald av WordPress-nettsider
Gjere enkle frontend-oppgåver (HTML, CSS, litt JavaScript / React)
Tilpasse innhald, tema og enkle funksjonar
Hjelpe til med testing, feilretting og små forbetringar
Samarbeide med utviklarar og lære undervegs
Kven er du?
Du har interesse for utvikling, enten du er mest nysgjerrig på web eller på produktutvikling. Kanskje har du prøvd deg på JavaScript eller TypeScript, laga ei nettside, eller testa litt kode på fritida med eigne prosjekt.
Du har grunnleggande kjennskap til HTML, CSS og/eller JavaScript, og er nysgjerrig på å lære meir. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra, lære og prøve deg fram – vi forventar ikkje at du kan alt.
Du har kanskje kjennskap til nokon av desse:
JavaScript eller TypeScript
Erfaring med web (HTML, CSS, React) eller liknande
Interesse for datavisualisering eller UI
Kjennskap til WordPress
Erfaring med React eller Next.js
Eigne prosjekt (GitHub, portfolio eller liknande)
Om ikkje er det her god plass til å lære.
Kva kan vi tilby?
Ein sommarjobb der du får jobbe med ekte oppgåver, lære av flinke folk og få relevant erfaring du kan ta med deg vidare.
Hjå oss blir du ein del av eit uformelt og inkluderande miljø der det er lett å stille spørsmål og bidra. Arbeidsdagane er varierte, og det er heilt innafor å ta ein kaffipause eller ein liten luftetur.
Kort sagt: Ein fin måte å bygge erfaring, bli betre i faget og samtidig ha ein skikkeleg bra sommar.
Er du med?
Send oss CV, fortel kva du er mest gira på og litt om kvifor du vil jobbe hos ossHar du laga noko sjølv, vil vi veldig gjerne sjå det!
Send oss CV og fortel kva du er mest gira på; web, visualisering eller litt av begge delar. Fortel oss og litt om kvifor du vil jobbe hos oss, og har du laga noko sjølv. Vi diggar å sjå kva du får til!
Periode: Juni - August
Søknadsfrist: 16. april 2026
Colleagues